Startpage





download musicfile

Freden i 1905
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





FREDEN I 1905

Då gubbar bygde broderpakt,
låg unge menn på grensevakt,
og det var nettopp   h e r .
Som katten la dei seg på lur
der INNA syng i mel og ur
ved vegen som du ser.

På sida bratte hamrar står;
det løynde stigar smyg og går
til hol og kanongap.
Om fienden no våga seg
å koma denne smale veg,
då vart det tap på tap.

På   e i n e   sida elva stri,
og rifleskyttarar på hi,
men beint imot kanon.
Om fienden då brått vil snu,
å,   e n d å   verre gråt og gru
med mannefall og tjon!

For løynde bak den bratte sving
det endå større kuler spring
i ryggen der han kjem.
Som i ei felle arme mus
vil fiendflokken gå i grus
om allting skjer med klem.

Slik tenkte dei som låg her då
og ville helst ein fiend sjå
i storebroren vår.
Men andre sa: «Slik skam og spott
å løyse imot frendom skott!
Det berre sorger sår!

Ein samanstøyt i blodig slag
vil slå i knas vårt frendelag
så lang ein framtidsbolk.
Riv heller festningsvollar ned,
og drøft ein rettvis, varig fred.
til gagn for båe folk!»

Så vart det gjort ei frendepakt.
Dei unge vende heim frå vakt,
så krigsdemonen fór.
Og det vi slik med lempe vann,
har styrkt ein samlynd vilje sann
i gode feders spor.



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.